The Beat Happening

 

 

Tellef Raabe til Tromsø lørdag 3. mai

 

Yeah, Tellef Raabe blir med på moroa fredag 9. mai på Bastard. For ein heilaften dette blir! Tellef, Great People og Snøskred på ein og same kveld. Tellef kjem til å gjere eit akustisk sett før Great People og Snøskred. I dag slepp han forøvrig ut EP-en "of Smith`s and friends".

 

of Smith's Friends (Vimeo)

 

 

Vekas artist fredag 2. mai

 

Hey, vekas artist! Posse er eit band frå Seattle som nettopp har gjeve ut plata Soft Opening. Dei inngår i ein god amerikansk indietradisjon og henter inspirasjon frå band som Yo La Tengo, Sonic Youth og Pavement. Som omtrent 100 000 andre band. Men dei greier å skape sin eige greie, eit ganske laidback og romsleg uttrykk der låtane slentrer avgårde i sitt eige tempo.

 

Shut Up (Spotify)

 

 

 

 

The Beat Happening 4. april måndag 31.mars

 

Fredag 4. april er det klart for et comeback for vårt kjære klubbkonsept etter alle de herlige konsertene i vinter. Vi koolern han med vekslepenger, stempel, ørepropper og slike ting, og vier hele kvelden til platesnurring. Det blir gode saker som indiepop/rock, shoegaze, lo-fi, new wave, elektronika, postpunk, mye nytt og noen utvalgte gamle svisker. Vi starter rolig og tar det gradvis oppover utover kvelden. Gratis inngang!

 

 

Ole Torjus på Bastard 14. mars torsdag 25. februar

 

Fredag 14. mars er det klart for en ny konsert i regi av The Beat Happening. Da får vi besøk av en spennende og aktiv fyr innenfor den norske elektronikascena. Ole Torjus er en ung trondheimsbasert produsent som musikalsk beveger seg fritt på den norske klubbscenen. Musikken kan beskrives som melodisk elektronika basert på organiske lyder, noe som kommer godt frem på den fine 10" At The Bottom Of a Strange Hill som han ga ut på slutten av 2013. Ole Torjus har blant annet blitt sammenliknet med artister som Four Tet, Caribou og Gold Panda.

 

I tillegg til å spille på fjorårets utgave av Hove og Pstereo, har han med tiden fått gjort et knippe konserter i Bergen, Oslo og Trondheim, hvor han siden han inntok byen i august har spilt på Trondheim Calling og blitt fast inventar på klubbscena SUPA.

 

Live spiller han med trommis Hans Uhre, kjent fra MIO og Rytmeklubben og leverer alltid gode shows. Ta turen folkens!

 

Arrangementet på Facebook

 

 

 

MESFTM #16 laurdag 22. februar

 

"Musikk er som fuckings terapi for meg" er ein miksteip som eg har hatt gåande ei stund no. Det byrja med at eg ikkje hadde råd til timane med alternativ gruppeterapi (new age-arane tar seg godt betalt). Difor samla eg heller saman nokre av dei låtane eg hadde høyrt på den siste tida og spela dei på repeat i 7-8 timar. Funka like bra! Her er #16. - Esben

 

Speleliste på Spotify

 

 

Topp kveld måndag 10. februar

 

God-damn-it det vart ein bra kveld på Bastard på laurdag! Mykje bra folk og to herlege band. Stor takk til alle som tok turen, Isak og Helle i baren, lydmann Gisle og artistane. Spesielt til Hypertext som tok den lange turen opp til oss.

 

Her er nokre fine bilete som Kaisa Beddari tok av dei gode folka i Hypertext.

 

 

Hypertext+Fevrier onsdag 5. februar

 

Takk til alle som kom på konserten med Din Freundin på laurdag og til bandet som tok turen til Tromsø. Det vart ein bra kveld!

 

Laurdag 8. februar er det klart for konsert med Hypertext frå Bergen. Som support stiller Février, eit heilt ferskt band frå Tromsø. I samband med konserten har dei laga ein fin promovideo med ein liten smakebit. Vi gler oss stort til båe band.

 

http://vimeo.com/85758208

 

 

 

 

Neste laurdag! fredag 24. januar

 

Neste laurdag kjem den flotte gjengen i Din Freundin til Tromsø for å spele konsert for oss. Dei som har vore på The Beat Happening lenger enn 15 min (ja, eg tenker på du som sat og kjededrakk i baren ein gong i vår), har sikkert fått med seg at nokre av oss er suckers for skranglete indiepop. Vi var difor ikkje tungbedte når vi kom over nokre liveopptak av Din Freundin når vi skulle lære oss å knyte slips på You Tube. Flotte poplåtar i lause og fine arrangment med herlege harmoniar, disharmoni og støy. Her får vi med andre ord både i pose og sekk. Det er stas å presentere Din Freundin på ei scene i Tromsø og det er ekstra skøy at dette er eit band frå Nord-Noreg, nærmare bestemt den blå byen ved sundet, nærmare bestemt Sortland. Ta turen til Bastard neste laurdag!

 

Hendinga på Facebook

 

 

 

Kaffe & Fuzz onsdag 22. januar

 

Sjekk ut årets første sending fra Kaffe & Fuzz der blant annet konserten med Lumikide og The Beat Happening er flott omtalt. Programmet har sendinger hver uke på studentradioen Hurradio og vi anbefaler alle til å sjekke det ut. Mye bra musikk og musikkprat, gode og konstruktive omtaler fra konserter i Tromsø og en god dose sjitprat.

 

 

 

Topp kveld måndag 13. januar

 

Tusen takk til alle som kom på Bastard på fredag! Og ikkje minst til Lumikide som gjorde ein knall konsert. Det vart ein topp kveld. Vi håpar alle tar turen igjen neste gong vi steller i stand ugagn, nærmare bestemt konserten med Din Freundin laurdag 1. februar. Talast!

 

 

Oppslag i Tromsø fredag 10. januar

 

To glade gutar i avisa i avisa Tromsø i dag. Vanlegvis er vi nokså emo, men han som tok bilete må ha jobba som barnefotograf. For trur du jammen-ta-meg at han ikkje fekk lura fram smila hos oss. Eit fint oppslag som seier litt om intensjonen bak The Beat Happening. No er vi jo ein gjeng med kyniske og kalkulerande indiehipsters, men vi arrangerer ikkje konserten med Lumikide berre for å safe fordi vokalist Birgitta er frå Tromsø. Vi gjer det for at bandet er bra og passer godt til kva vi ønsker å presentere i Tromsø. Og det er jo ekstra artig at eit knall band som Lumikide har eit lokalt innslag. Men når det er sagt, vi har budsjettert med at slekta til Birgitta kjem:)

 

Oppslaget i nettavisa til Tromsø

 

 

 

 

 

The Beat Happening på Instagram 7. januar

 

Husk at du kan følge The Beat Happening på Instagram.

 

Fredag er dagen, Lumikide er bandet - ses på Bastard!

 

 

Norske låtar 22. desember

 

2013 er på hell og i den samband har eg laga ei speleliste på nokre av dei norske låtane eg likte godt i år. Og ikkje sjå bort frå at eit eller fleire av desse banda kjem til Tromsø i løpet av våren. Litt avhengig av kor mykje pengar eg får i julegåve.

 

2014 vert eit spennande år for The Beat Happening. Det vert fleire konsertar utover våren og som de ser, Lumikide og Din Freundin er allereie klare til dyst 10. januar og 1. februar. Ta gjerne kontakt med oss om de har forslag til band og artistar, har lyst å vere med å jobbe saman med oss for ei alternativ scene i Tromsø eller ta ein prat om været.

 

God jul folkens!

 

Speleliste på Spotify

 

 

 

 

Konsert med Lumikide 10 januar 14. desember

 

Lumikide viste svært gode takter når vi så dem på Bastard i vår. Siden da har bandet tatt flere steg fremover og sluppet den ene knallåta etter den andre, noe som blant annet resulterte i Ukas Uørt i oktober og en opptreden på Trondheim Calling senere i januar. Derfor er det med stor glede at vi kan presentere vår første konsert, ever, med nettopp Lumikide. Og spesielt artig at det er med et lokalt innslag ved Birgitta Alida Hole. Før og etter konserten snurrer vi plater og sørger for et passende soundtrack for kvelden. Billett 100 kr/ 70 kr for studenter.

 

Lumikide er et band bestående av Birgitta Alida Hole (vokal og synth), Martin Miguel Almagro Tonne (gitar) og Axel Skalstad (trommer). Med et organisk og levende pop-uttrykk tar Lumikide deg med i et rikt og spennende musikalsk landskap; med fengende hooks og gyngende groover som toppes med varme vintagesynther og skitne gitarlyder. Resultatet er et mektig lydbilde som varierer fra det helt lavmælte og sårbare til det røffe og voldsomme.

 

Lumikide på NRK Urørt og Soundcloud

 

Arrangementet på Facebook

 

 

 

 

The Beat Happening 1.desember

 

Fredag 6. desember er det klar for siste krampetrekning fra oss i 2013. The Beat Happening på Bastard Bar! Som vanlig blir det en variert aften med solide doser alternativ pop, rock og elektronika. Kanskje vi til og med blir stormannsgale i løpet av kvelden og prøver oss på ei lita oppsummering av musikkåret 2013.

 

Vi har mange spennande planar til neste år, blant annet konserter. Så bli med oss i det nye året.

 

Hendelse på Facebook

 

 

 

Lumikide 1. november

 

God «ukas beste dag» - også kjent som fredag! Og fredag kan bare bety én ting, nemlig at det er tid for vår faste spalte her på siden: «Ukas artist».

 

Denne uka kan vi skilte med et band som ikke bare har en viss lokal forankring (les: Tromsø), men som også har fått et aldri så lite gjennombrudd den siste tiden. Vi snakker selvfølgelig om Lumikide ! De kan denne uka smykke seg med tittelen «Ukas Urørt» etter utgivelsen av sin nye singel «Breaking You Down» med påfølgende spilletid på radio og all heder og ære som følger med.

 

Lumikide består av Birgitta Alida Hole, Martin Miguel Almagro Tonne og Axel Skalstad (alle får «kudos» for kule navn). De har siden oppstarten dannet et spennende lo-fi, «poppete» og harmonisk lydbilde i skjæringspunktet mellom storheter som Beach House, Deerhunter og kanskje til og med litt Pavement? Uansett, så funker det ganske så bra, og det får de altså nå oppmerksomhet for. Og godt er det.

 

Ikke se bort fra at deres nye singel dukker opp blant mange andre godbiter neste fredag når det er klart for ny The Beat Happening-kveld (8. november). I mellomtiden kan du sjekke den ut (i tillegg til to andre låter) som ligger ute til lytting på NRK Urørt.

 

God helg!

 

Breaking You Down (NRK urørt)

 

 

 

 

Chapter Music 31. oktober

 

Australske band er vel omtrent like vanlege som kenguruar, australske utvekslingsstudentar i NOREG og crocodile dundees på våre trakter. Sjølv om verda har blitt mindre, du veit internett og slike ting, spelar den fysiske avstanden fortsatt ei rolle. Det er langt lettare å sjekke ut musikken, men mange av banda når ikkje ut til eit publikum i Europa og USA. Mykje på grunn av manglande turneverksemd og distribusjon. Men ting har kanskje vorte betre. Band som Tame Impala og Cut Copy viser jo at det er mogleg å bli pop i andre delar av verda. Og kanskje dei baner vegen for fleire. La oss håpe det. Det skjer mykje bra, spesielt i den australske indiescena.

 

Melbourne utpeiker seg som den mest vitale musikkbyen i landet. Sentralt står labelen Chapter Music. Dei starta opp på tidleg 90-tal og er eit av dei lengstlevande uavhengige plateselskapa i Australia. Skranglete janglepop står sterkt i indiemiljøet der til lands og mange henter inspirasjon frå gullalderen i New Zealand på 80-talet (The Chills, The Clean, The Bats m.fl.). Og Chapter Music er ikkje noko unntak i så måte. Band som Twerps, the Cannanes, Panel of Judges viderefører den arven på ein topp måte. Men hey. Du treng ikkje vere bookish indiekid med blazer for å like labelen. Dei siste åra har dei utvida horisonten, på same vis som Sub Pop i USA, og gjev ut mykje forskjellig. Ikkje alt er gull, men svært mange av artistar deira har fått ein sentral plass i avdelinga "australsk pop/rock" saman med den eine Midnight Oil-plate eg hadde frå før i platesamlinga.

 

Speleliste på Spotify

Chapter Music på Soundcloud

 

 

 

Ducktails 26. oktober

 

Vekas band starte opprinneleg som soloprosjektet til Matt Mondanile i Real Estate, eit av mine favorittband dei siste åra. Men Ducktails har etterkvart vokst seg til eit fullblods band som fint greier seg på eige hand, sjølv om ein høyrer likskapen mellom dei to banda. Eit dempa uttrykk med mykje rom, estetikken, den lengtande tona. Dei har nettopp kome ut med EP-en Wish Hotel og tidlegare i år gav dei ut albumet The Flower Lane. Begge verdt å sjekke ut.

 

 

Postcard Records 24.oktober

 

I den kreative og gode perioden etter punken, dukka det opp ein liten skotsk label med mottoet The Sound of Young Scotland. Ein liten nikk til Motown sitt “The Sound of Young America”, og kanskje ein indikasjon på andre referansar enn det som var vanleg innanfor dei alternative musikkmiljøa på den tida.

 

Postcard Records vart danna av Alan Horne i 1979, Glasgow sitt svar på Andy Warhol. I følgje seg sjølv. Labelen gav ut 12 sjutommarar og eit album før dei la ned geskjeften i 81. Fire band var innom labelen på dei snaue to åra, Orange Juice, Josef K, The Go-Betweens og Aztec Camera. Dei to sistnemnte er betre kjent for det dei gjorde etter Postcard. Orange Juice og spesielt Josef K vart band for dei spesielt interesserte. Men dei fekk mange nye tilhengarar når Franz Ferdinand med fleire namedroppa dei tidleg på 2000-talet.

 

Postcard Records representerte på mange vis ein anna estetikk enn mange av dei andre alternative banda i samtida. Langt meir poporientert og funky. Ja, du høyrte kva eg sa. Funky funky funky, man. Samstundes var dei også skakke, ranglete og opne i lydbilete. Slik vi liker det! Dei henta mykje inpirasjon frå 60-talet som t.d. The Byrds og Velvet Underground, men også frå soul og disco.

 

Sjølv om Postcard Records hadde ei kort levetid, så spela dei og banda ei viktig rolle i utviklinga av det vi i dag kallar indiepop. Dei opna opp for fleire og breiare musikalske referansar. Og greidde å kombinere dei på ein måte som den dag i dag låter friskt som dugg.

 

Speleliste på Spotify (ikkje berre utgjevingar frå Postcard)

Speleliste på 8tracks (låtar frå dei originale 7-tommarane)

 

 

 

 

Mazzy Star 18.oktober

 

 

 

Mazzy Star har nettopp gjeve ut albumet Seasons of Your Day, 17 år sia førre plate Among My Swans. Og Dave Roback og Hope Sandoval viser gode takter, til trass for at eg var i puberteten sist vi høyrte frå dei. Med andre ord ein heil mannsalder sia. Det er umiskjenneleg Mazzy Star. Eit opent, draumande og akustisk lydbilete med låtar som slentrer fremover i sitt eige temo, og som henter mykje inspirasjon frå psykedelika på 60-talet utan at det vert for retro av den grunn. Mazzy Star er eit av banda som, saman med Cocteau Twins og en rekke andre band, definerte «dream pop» på 80- og 90-talet. Ei musikalsk retning som t.d. Beach House og mange andre har videreutvikle i nyare tid.

 

Linken til 60-talet kjem forøvrig ikkje frå lause lufta. Dave Roback var ein sentral person i Paisley Underground, eit miljø i Los Angeles på tidleg 80-tal som var over snittet glad i band frå 60-talet, spesielt The Byrds. Han spele i Rain Parade og starta opp Opal, forløparen til Mazzy Star, saman med Kendra Smith i The Dream Syndicate.

 

I`ve Gotta Stop (Spotify)